Oppdatert 23.08.10

 

N VCH FINGERPRINT`S FUTT OG FART

Kenzo
7 veker
4 år
10 år

 

Gutteklubben Grei kom til verden 18.mai 2005 – 7 brødre, ingen søstre! Og ein av dei små rakkarane er Fingerprint`s Futt og Fart - Kenzo, som eg henta 10 juli. Jorunn var med som sjåfør og Kenzo sov på fanget mitt mesteparten av turen. Han fann seg raskt til rette då me kom heim, og sjarmerte alle i senk. Han sov i senga si heile natta utan ein lyd, og ingen våte flekker på golvet heller.

Kenzo er ein veldig nyskjerrig og våken liten gutt som liker å gå på oppdagelsesferd over alt, både inne og ute. Tar seg heilt ut for så å sovne midt i leiken i dei merkligaste stillingane. Han er veldig glad i mat, og gjer det meste for ein GoBit. Ellers er han glad i å leike og svømme i vatn. Og så bær han rundt på alt han finn. Er ikkje alltid like lett og finne eit par sko på samme plassen, og spesiellt sokker er han glad i å flytte på. Graving er og den store hobbyen hans, og han kjem rett som det er inn full i jord og skit, og då er det rett i dusjen for å spylast. Det er han ikkje særlig glad i.
Han er utrulig glad i mennesker og helser med iver og glede på dei fleste han møter på sin veg. Og er det nokon han kjenner får dei seg ein god vask i øyret før han er fornøyd. Kenzo er og veldig glad i å vere ute, kunne nok vore ute heile dagen hvis han fekk muligheten til det, men om kvelden er det litt skummelt no når det begynner å bli mørkt.

Kenzo sitt første møte med snø var skummelt i eit minutt, men så berre gøy. No spring han rundt som ein gal mesteparten av tida me er ute. Og spesiellt hvis Ozzy er med då er det toppers! Hvis han får tak i eit is-flak kan han springe rundt og kaste det framfor seg lenge, og graving i snøen er kjempekjekkt!

Kenzo vart BIR og BIS på sin første utstilling 5 mnd gamal. Han syns det var stas å få ein så stor og fin rosett hjå dommeren, som han fekk springe og vise fram til alle etterpå!
Kenzo har fått CK og 4VK som beste plassering på utstilling.

Kenzo
Kenzo
Gutten kunne stå fint når han fekk gobit
Stolt med rosetten i munnen!

Blodspor har blitt den nye store hobbyen vår. Er kjekkt for både fører og hund. Han har blitt veldig flink på kort tid og det er tydelig at han syns det er veldig kjekkt. Så me får sjå korleis han utvikler seg når me begynner igjen når snøen er forsvunne. Kanskje det blir nokon konkurranser på oss.

Kenzo
Kenzo har gått sitt første blodspor og er kjempefornøyd med fangsten!

Kenzo flytta til Voss i mai 06. Her opppe trives han godt med mange hundevenner. Her er masse gode lukter som må inspiserast nøye. Me er på mandagstrening kvar mandag (nesten), og trener både spor (hovedsaklig blodspor), litt agility og lydighet. Men blodspor er favoritten både for hund og fører. Ozzy er ofte på besøk og dei er stort sett venner, men dei må krangle litt av og til om kven som skal bestemme.

Kenzo fekk 2.premie på sin (og min) første blodsporprøve 02.09.06. Etter dette trente me masse blodspor og gjekk igjen blodsporprøve på Voss 01.09.07, der fekk Kenzo 1.premie med HP og vart 3 beste hund av 16 startende hunder. Så stolt han var då han fann skanken!
02.10.07 gjekk Kenzo fersksporprøve og vart då godkjent ettersøkshund.

Kenzo elsker å bade og halen går i eitt når han er uti vatnet. Det er kjempedeilig kortid som helst på året, sjølv om det sikkert ofte er iskaldt. Han kan bade heile dagen uten problem. Dykke etter steiner som eg har kasta er veldig kjekt!

Kenzo
Kenzo
Kenzo sin første svømmetur 11 veker gamal
Kenzo elsker å bade!

I november 06 fekk Kenzo seg ei lita "søster". Det var kjærlighet ved første blikk, og han stor trives som storebror, sjølv om ho kan vere litt voldsom og plagsom innimellom. Men eg ser at dei er glad i kvarandre spesielt hvis dei har vore frå kvarandre ei stund, då er det veldig gjensynsglede. Og dei passer på kvarandre og er alltid gode venner.

Kenzo og Eira
Kenzo og Eira
Deilig og trygt å sove med storebror
Herjing er veldig kjekt!

 

Eg syns det minka merkelig mykje på dei sjølvdyrka cherrytomatene mine i sommar. Men eg har rekna med at det hadde vore tobeinte tjuvar på ferde, men ein dag fekk eg sjå denne karen som sto og kosa seg på terrassen :) Han har i alle fall god smak, for dei er fantastisk søte og gode! Og så lukter han seg fram til dei som er raude og modne! Dei grønne får henge i fred.