Oppdatert 23.08.10

 

Nuch The Russell Yards Blue Jay Way

Eira Eira
7 mnd
12 mnd

Eira Kom til Voss i november 2006. Eira har funne seg fint til rette hjå oss. Ho og Kenzo er bestevenner. Dei leiker og koser seg ilag kvar dag! Sjølv om ho nok kan bli litt plagsom til tider så er Kenzo veldig glad i den nye "søstra" si.
Eira har gått på kvalpekurs, grunnkurs og lydighetskurs og eg trener ho med kliker, noko som er veldig effektivt. Ho lærer fort og er ivrig etter å trene, då vert det mykje GoBiter! Pølsebiter og leverpostei på tube er blant favorittane.
Me har og trent litt spor, og der og er ho veldig ivrig og flink. Spesielt blodspor er veldig kjekt. Eira gjekk sitt første blodspor 10 veker gamal, og det gjekk veldig bra.
Eira har vore på nokon utstillinger og gjordt det veldig bra. Ho fekk sitt første cert berre ni mnd. gamal, på denne utstillingen vart ho også plasser som nr. 2 i gruppa! Cert nr to fekk ho 15 mnd gamal, cert nr tre fekk ho 17 mnd gamal, og Nkk certet tok ho 18 mnd gamal i Bergen med ti påmelde Parson! Eira var Einaste hund med ck, og fekk også cert, cacib og BIR denne dagen! Den største prestasjonen sålangt!
Eira fylte to år 14.09.08, og to veker seinare 27.09.08 vart Eira Norsk utstillingschampion og BIM i Bergen på Norsk Terrierklubb.
Blodsportrening og hi-trening går og veldig bra, ho fekk veldig skryt på sin første hi-trening. Eg er spent på kva det skal bli av denne lille store hunden! Så langt er det vertfall veldig lovande!
Eira er venn med dei fleste ho møter, men terrieren kjem fram hvis dei andre lager bråk, då er ho på hugget med ein gong. Når me møter hann hunder på tur som ho syns er tøffe flørter ho fælt og vil leike med dei, dette er heilt ekstremt rett før og i løpetida sjølvsagt.
Ho har mangen golden venner som ho liker å leike med og varme seg på, dei har så deilig pels!
Eira er også veldig glad i dei to beinte vennene sine, og er veldig sosial i alle sammenhenger. Dei som møter Eira syns jo ho er veldig søt, og det er ho heilt enig i!
Ho er begynt å bli ganske reisevant, har hatt ho med på utstillinger litt rundt omkring, og det takler ho veldig bra. Men heime er no alltid best!
Ho er veldig lettlært og skjønner fort lydighetsøvelser, så eg trur ho kan lære seg kva som helst. Eira er "ein stor hund i ein liten innpakning", som er med på alt som skjer, med stort pågangsmot og utholdenhet.

Eira
Eira og Oia
Store steiner er dei beste å dykke etter
Oia får litt "hjelp" til å dra fangsten på land

Eira er veldig glad i å bade, og når det er sommer og varmt bader ho i alle vannhôl ho finn, og dukker under etter steiner for å erte storebror Kenzo. Og ho kvir seg ikkje for å svømme om kapp med dei større badekameratane sine, og hjelper dei gjerne litt med å dra opp fangsten!

Eira fekk ein "lillebror" i oktober 2010, her er han under opplæring for å lære seg å klø

 

Eira Eira
8 veker
2.5 år
Eira
Eira
5 veker
2.5 år

Fleire bilder i galleriet, fotobloggen og i bloggen